Vatne begravelsesbyrå er Nordhordlands eldste gravferdsbyrå, grunnlagt i 1973. Vi hjelper til med planlegging og gjennomføring av gravferder og bisetjingar i heile Nordhordlandsregionen. Som ein del av Dahls begravelsesbyrå har vi òg byrå og avdelingar fleire stader i og utanfor Bergen. Vi er tilgjengelege heile døgnet for bistand og førehandsavtale.
Send henvendelse Til dahlsbegravelse.no
Vatne begravelsesbyrå vart starta av Sylvi Vatne Solberg heime på garden på Seim i 1973 og er Nordhordlands eldste gravferdsbyrå. 1. januar 2008, etter 34 års drift, selde Sylvi byrået til Ragnhild Thorsheim Kristing, som òg har røter frå Seim. Byrået vart då innlemma i Gravferdsgruppen, og 1. april 2020 vart heile Gravferdsgruppen ein del av Dahls begravelsesbyrå.
Vakttelefonen vår er bemanna heile døgnet, òg i helger og høgtider. Det betyr at du når som helst kan ringje oss ved behov for umiddelbar hjelp eller for å gjere ein førehandsavtale for samtale. Vi har òg eiga henteteneste ved dødsfall, som er i beredskap heile døgnet.
Vi hjelper til med alle førebuingar og gjennomføring av gravferd i heile Nordhordland, Solund, Gulen, Modalen, Vaksdal og Bergen.
Vatne begravelsesbyrå har lokale sentralt i Knarvik, vegg i vegg med Knarvik Blomsterstove. Sjå plasseringa vår i kartet nedanfor.
Knarvik blomsterstove ved Sylvi Vatne Solberg og Joar Solberg.
I Alver og Nordhordland tilbyr vi støtte og hjelp i alle fasar etter eit dødsfall og i samband med gravferd. Vår bistand omfattar mellom anna:

Johanne Drageide
gravferdskonsulent

Anna Øvretveit Dyrkolbotn
gravferdskonsulent

Henriette Hopsdal
gravferdskonsulent

Eirik Solheim
byråleder

Arnt Cederholm
gravferdskonsulent

Grethe Aspenes
gravferdskonsulent

Jan Olav Stople
gravferdskonsulent

Marit Hope
gravferdskonsulent

Silje Henriksen
gravferdskonsulent

Alexandra Strandmark
gravferdskonsulent

Maria Mathiesen
gravferdskonsulent

Rune Hausberg
gravferdskonsulent

Andreas Søreide
driftsleder

Paul Andreas Dahl
daglig leder
Felter markert med * må fylles ut.
Vatne begravelsesbyrå har gjennom meir enn 50 år opparbeidd seg unik lokalkunnskap om gravplassar, kyrkjer og seremonistader i Alver og Nordhordland. Denne erfaringa gjer oss til ei trygg støtte i planlegginga av ei gravferd i regionen.
Alver kommune vart oppretta i 2020 gjennom samanslåing av dei tidlegare kommunane Lindås, Meland og Radøy. Kommunen har gravplassar i alle dei tidlegare kommunane.
I Alver har alle innbyggjarar rett til fri grav på nesten alle gravplassar i 20 år. Det er den som står ansvarleg for gravferda som bestemmer kvar og korleis den avdøde skal gravleggjast, og så er det gravplassmyndigheten som tilviser kva grav som skal brukast.
Totalt er det 28 gravplasser i Bergen ↗