Vatne Begravelsesbyrå | Alver

Vatne begravelsesbyrå er Nordhordlands eldste gravferdsbyrå, grunnlagt i 1973. Vi hjelper til med planlegging og gjennomføring av gravferder og bisetjingar i heile Nordhordlandsregionen. Som ein del av Dahls begravelsesbyrå har vi òg byrå og avdelingar fleire stader i og utanfor Bergen. Vi er tilgjengelege heile døgnet for bistand og førehandsavtale.

Send henvendelse Til dahlsbegravelse.no
Slanke lilla blomster som stiger opp mellom stråene i solnedgang
  • Om byrået vårt i Alver

    Vatne begravelsesbyrå vart starta av Sylvi Vatne Solberg heime på garden på Seim i 1973 og er Nordhordlands eldste gravferdsbyrå. 1. januar 2008, etter 34 års drift, selde Sylvi byrået til Ragnhild Thorsheim Kristing, som òg har røter frå Seim. Byrået vart då innlemma i Gravferdsgruppen, og 1. april 2020 vart heile Gravferdsgruppen ein del av Dahls begravelsesbyrå.

    Vakttelefonen vår er bemanna heile døgnet, òg i helger og høgtider. Det betyr at du når som helst kan ringje oss ved behov for umiddelbar hjelp eller for å gjere ein førehandsavtale for samtale. Vi har òg eiga henteteneste ved dødsfall, som er i beredskap heile døgnet.

    Vi hjelper til med alle førebuingar og gjennomføring av gravferd i heile Nordhordland, Solund, Gulen, Modalen, Vaksdal og Bergen.

  • Byrået si plassering og tilkomst

    Vatne begravelsesbyrå har lokale sentralt i Knarvik, vegg i vegg med Knarvik Blomsterstove. Sjå plasseringa vår i kartet nedanfor.

  • Samarbeidspartnarar

    Knarvik blomsterstove ved Sylvi Vatne Solberg og Joar Solberg.

  • Vår bistand i Alver og Nordhordland

    I Alver og Nordhordland tilbyr vi støtte og hjelp i alle fasar etter eit dødsfall og i samband med gravferd. Vår bistand omfattar mellom anna:

    • Rettleiing og praktisk hjelp ved dødsfall
    • Henting og transport av avdøde
    • Tilrettelegging og organisering av gravferd eller bisetjing
    • Dialog og koordinering med kyrkje, prest eller seremonileiar
    • Bestilling av kiste eller urne samt blomedekorasjonar
    • Råd om val av salmar og musikk til seremonien
    • Utforming av dødsannonsar og oppretting av minneside
    • Gjennomføring av sjølve seremonien
    • Planlegging av samvær i etterkant av gravferda

Våre gravferdskonsulentar

Send oss en henvendelse

Felter markert med * må fylles ut.

    Lokalkunnskap i Alver og Nordhordland

    Vatne begravelsesbyrå har gjennom meir enn 50 år opparbeidd seg unik lokalkunnskap om gravplassar, kyrkjer og seremonistader i Alver og Nordhordland. Denne erfaringa gjer oss til ei trygg støtte i planlegginga av ei gravferd i regionen.

    Gravplassar i Alver kommune

    Alver kommune vart oppretta i 2020 gjennom samanslåing av dei tidlegare kommunane Lindås, Meland og Radøy. Kommunen har gravplassar i alle dei tidlegare kommunane.

    I Alver har alle innbyggjarar rett til fri grav på nesten alle gravplassar i 20 år. Det er den som står ansvarleg for gravferda som bestemmer kvar og korleis den avdøde skal gravleggjast, og så er det gravplassmyndigheten som tilviser kva grav som skal brukast.

    Totalt er det 28 gravplasser i Bergen ↗