Hallingdal Gravferdsbyrå, etablert i 1995, har lenge hjelpt mange familiar i Hallingdal med gravferder og planlegging av gravferdsseremoniar. Sidan 2014 er vi ein del av Jølstad begravelsesbyrå, og er gravferdsbyrået for heile Hallingdal.
Terje Nordal er dagleg leiar og Christian André Stray, Steinar Aa,
Leonore Nesje Ødegård, Marit Haug og Torfinn Slåtto er gravferdskonsulentar.
For seremoniar nyttar vi ofte Geilo kulturkyrkje til både livssynsåpne og kyrkjelege seremoniar, noko som gir gode alternativ for personleg tilpassing av seremoniar.
Vidare engasjerer vi oss aktivt i lokalsamfunnet. Dette inkluderer deltaking på fagmøte i helsesektoren, konfirmasjonsundervisning i Ål/ Flå og undervisning i Helse- og oppvekstfag på Ål vidaregåande skule. Dette for å fremje kunnskap og forståing om dødsfall og sorgprosessen.
Du kan når som helst kontakte oss. Vår vakttelefon bemanna døgnet rundt, også i helger og på høgtidsdagar.
Vi kjem gjerne heim for samtalar om det er ønskeleg.
For meir informasjon, besøk vår Facebook-side.
For blomsterdekorasjonar samarbeider vi med lokale blomsterbutikkar, og det er mogleg for pårørande å velje leverandør sjølv.
Nye gravstein, oppussing av eksisterande stein og namnetilføying blir levert frå vår hovudleverandør Nerland Granittindustri AS. På heimesida er det presentert eit breitt utval av gravstein. Ta gjerne kontakt med oss for rettleiing og pristilbod.
Terje Nordal
byråleiar og gravferdskonsulent
Steinar Aa
gravferdskonsulent
Torfinn Slåtto
gravferdskonsulent
Leonore Nesje Ødegård
gravferdskonsulent
Marit Haug
gravferdskonsulent
Christian André Stray
gravferdskonsulent
Felter markert med * må fylles ut.