Gol | Jølstad Hallingdal gravferdsbyrå

Jølstad Hallingdal Gravferdsbyrå, med hovudkontor i Ål, har sidan 1995 tilbydd omsorgsfulle og profesjonelle gravferdstenester.

Frå 2014 er byrået ein del av Jølstad begravelsesbyrå og vi er gravferdsbyrået for heile Hallingdal.

Send henvendelse Hva koster en begravelse?
Utsiden av kontorene våre på Gol i Hallingdal.
  • Om byrået (frå juni 2024)

    I Gol held vi frå juni 2024 til i dei nyrenoverte lokala til StimWork (Gjensidige-bygget) i nedre del av Gol sentrum. Her har vi tilgang på nye og gode samtalerom. Bygget har heis og det er godt med parkeringsplassar rett ved bygget.

    Frå våre byråer på Flå og Gol betjener vi også Nesbyen.

    Terje Nordal er dagleg leiar og Steinar Aa, Leonore Nesje Ødegård, Marit Haug og Torfinn Slåtto er gravferdskonsulentar.

    Gol og Herad kyrkje er oftast nytta for kyrkjelege gravferder i Gol. I Nesbyen er Nes kyrkje og Nes kapell moglege val for kyrkjelege gravferder. For livssynsåpne seremoniar nyttar vi andre tilgjengelege og tilrettelagte lokale.

    Vi er tilgjengelege for dei som treng vår hjelp og vår vakttelefon er bemanna heile døgnet, også i helger og på høgtidsdagar.

    Vi kjem gjerne heim til deg for samtalar om det er ønskeleg.

    For meir informasjon, besøk vår Facebook-side.

  • Våre avdelingar

    Vi tilbyr gravferdstenester i heile Hallingdal, inkludert Flå, Nesbyen, Gol/Herad, Hemsedal, Ål/Torpo/Leveld, Hol/Hovet, Geilo, Dagali, og Skurdalen, men kan også ta på oss oppdrag utanfor eige distrikt.

    Andre avdelingar i Hallingdal

  • Finn oss

  • Samarbeidspartnarar

    For blomedekorasjonar samarbeider vi med binderiet Blomsterspira i Gol.

    Våre kundar får velge den blomsterleverandøren dei sjølv vil bruke om dei har preferansar for andre lokale leverandørar.

    Nye gravstein blir levert frå vår hovudleverandør Nerland Granittindustri AS. Dei utfører også gravering av nye navn og oppussing av eksisterande gravstein. På heimesida er det presentert eit breitt utval av gravstein. Ta gjerne kontakt med oss for rettleiing og pristilbod.

Våre ansatte

Send oss en henvendelse

Felter markert med * må fylles ut.