Flå | Jølstad Hallingdal gravferdsbyrå

Vi har lokaler i Flå veksthus. Bygget har heis og det er gode moglegheiter for parkering ved inngangen.

Send henvendelse Hva koster en begravelse?
Flå kontor fasade
  • Om byrået

    Hallingdal Gravferdsbyrå vart etablert i 1995 og er ein del av Jølstad begravelsesbyrå frå 2014. Vi er gravferdsbyrået for heile Hallingdal. Vårt byrå i Flå er ein integrert del av lokalsamfunnet og vi har hjelpt mange i Hallingdal med gravferd og gravferdsplanlegging i fleire år.

    På Flå tilbyr vi samtalerom i lyse og moderne lokale. Terje Nordal er dagleg leiar og Steinar Aa, Leonore Nesje Ødegård, Marit Haug og Torfinn Slåtto er gravferdskonsulentar.

    Til gravferd vert ofte Flå kyrkje brukt, men også Thon-hallen og Jakt- og Fiskesenteret i Flå er tilgjengelege stader for livssynsåpne seremoniar.

    Vidare engasjerer vi oss aktivt i lokalsamfunnet. Dette inkluderer deltaking på fagmøte i helsesektoren, konfirmasjonsundervisning i Ål/ Flå og undervisning i Helse- og oppvekstfag på Ål vidaregåande skule. Dette for å fremje kunnskap og forståing om dødsfall og sorgprosessen.

    Du kan når som helst kontakte oss. Vår vakttelefon bemanna døgnet rundt, også i helger og på høgtidsdagar. Vi kjem gjerne heim for samtalar om det er ønskeleg.

    For meir informasjon, besøk vår Facebook-side.

  • Våre avdelingar

    Vi har også byråer på Ål, Gol og Geilo og kan hjelpe med gravferd og dødsfall i heile Hallingdal. Vi kan og ta på oss oppdrag utanfor eige distrikt (Nesbyen, Herad, Hemsedal, Torpo/Leveld, Hol/Hovet, Dagali og Skurdalen).

    Andre avdelingar i Hallingdal

  • Finn oss

  • Samarbeidspartnarar

    Vi har eit sterkt samarbeid med lokale blomsterleverandørar, og Ma2ma Klær og Blomster er vår foretrukne blomsterleverandør i Flå. Våre kundar får alltid velje den blomsterleverandøren dei sjølv vil bruke.

    Nye gravstein, oppussing av eksisterande stein og namnetilføying blir levert frå vår hovudleverandør Nerland Granittindustri AS. På heimesida er det presentert eit breitt utval av gravstein. Ta gjerne kontakt med oss for rettleiing og pristilbod.

Våre ansatte