Austevoll | Dahls begravelsesbyrå

Dahls begravelsesbyrå i Austevoll hjelper til med planlegging og gjennomføring av gravferder og bisettingar i Austevoll og omegn. Våre to lokale gravferdskonsulentar bur begge på Huftarøy og har difor kort responstid og er raskt på plass når du treng det. Vi er tilgjengelege heile døgnet for både bistand og førehandsavtale.

Send henvendelse Til dahlsbegravelse.no
Inngangen til kontorene til Dahls begravelsesbyrå i Austevoll.
  • Om avdelinga vår i Austevoll

    Dahls begravelsesbyrå har hatt avdeling i Austevoll siden 2014, då ForglemMegEi blomster valde å avslutta si verksemd i gravferdsbransjen etter mange år. Vi har som mål å gje kundane våre tryggleik og kvalitet frå første kontakt, der vi ønskjer å vidareføra den tilliten ForglemMegEi blomster viste oss.

    Vakttelefonen vår er bemanna heile døgnet, òg i helger og høgtider. Våre to lokale gravferdskonsulentar, Arvid Søreide og Maria Vassnes, har begge adresse på Huftarøy i Austevoll, noko som sikrar rask responstid og nær oppfølging i heile kommunen.

    Gå til vår nettside

  • Byråets lokalisering og tilkomst

    Avdelinga vår i Austevoll ligg på Storebø. Det er tilgjengelege parkeringsplassar ved lokala våre. Sjå plasseringa vår i kartet nedanfor.

  • Vår bistand i Austevoll

    Vi er her for deg i Austevoll når du treng hjelp etter eit dødsfall og med planlegging av ei gravferd eller bisetting. Hjå oss får du støtte og tett oppfølging gjennom heile prosessen, der vi hjelper til med mellom anna:

    • Rettleiing etter dødsfall, der vi hjelper deg med å finna ut kva som bør gjerast fyrst og korleis vi best kan følgja deg vidare i prosessen.
    • Planlegging av gravferd eller bisetting, medrekna val av seremonitype, program, musikk, blomar og andre detaljar etter dine ønskjer.
    • Praktisk gjennomføring, som henting av avdøde, kontakt med prest eller seremonileiar, oppretting av dødsannonse og digital minneside, kistetransport og gjennomføring av sjølve seremonien.
    • Hjelp med arv og skifte

Våre gravferdskonsulentar

Send oss en henvendelse

Felter markert med * må fylles ut.

    Lokalkunnskap i Austevoll

    Gjennom våre lokale gravferdskonsulentar med adresse i kommunen kjenner vi Austevolls gravplassar, kyrkjer og seremonistader godt. Denne nærleiken gjer oss til ei god støtte for familiar og etterlatne ved planlegging av gravferd.

    Gravplassar i Austevoll kommune

    Austevoll kommune har gravplassar knytte til dei ulike kyrkjene i kommunen, mellom anna Austevoll kyrkje og Bekkjarvik kyrkje. Det er soknerådet/kyrkjeleg fellesråd i Austevoll som administrerer gravplassane. Ta gjerne kontakt med oss for rettleiing om val av gravplass.